Hovudlaget       Sykkelgruppa    

Medlem
 

   
Giro medl.kont. 2014

NB! Hugs kvitteringstrykk. Me har medlemsfordelar i Sport1 Etne og Bike Brothers på Raglamyr.

Bli medlem i IF Klypetussen Sykkel.
Du kan gjerne vera medlem i anna idrettslag og samstundes vera medlem i sykkelgruppa i IF Klypetussen. Ved å vera medlem i IFK får du m.a.:
- Treningsfellesskap - For tida har me to fellestreningar i   veka.
- Treningsrettleiing - Om du ynskjer det, kan du få rettleiing av  trenar utdanna     
  gjennom sykleforbundet.
- Ved å vera medlem i klubb som er medlem i sykleforbundet, kan du løysa
  heilårslisens. Då er du m.a. forsikra under trening. Du treng heller ikkje løysa
  eingongslisens dersom du ynskjer vera med i sykkelritt.

Medlemskontingeneten er for tida kr. 100,- pr. år, kr. 50 for born/unge under 19 år.
Giro kan du lasta ned her, eller be Dagfinn om giro.
Velkomen som medlem i IFK Sykkel

Samarbeid med Etne Fysio og Trening
Klypetussen har fått tilbod om å nytta spinningssalen til eigne treningar. Det vil skje på torsdagar kl. 2000 - 2130.
I tillegg kan ein vera med å alle tilbod på senteret inkl. styrke- sal og styrkerom. Me satsar på å halda fram med spinninga ut mars. (Litt avhengig av véret)
For ungdom under 19 år, betaler Klypetussen halve medlemskontingeneten til Etne Fysio.
Du melder deg på direkte til Etne Fysio og seier du er medlem i Klypetussen.
Les meir (27.11.11)