I




Velkomen til IF Klypetussen - sykkel

Skånevikstranda Rundt

Framsida
Hovudlaget
Terminlista
Sykkelritt
   - Etne Syklefestival
   - Etne Tempo
 Skånevikstranda Rundt
   
- Løypekart Skv.str. Rundt

   - Trongjo Opp
Innbydingar
Resultat
Arkiv
 
 

2012
Innbyding
Kart over løypa
Kart start og garderobe

Resultatliste for Skånevikstranda Rundt er lagt ut.
Rittet vart arrangert i "ny" løype i år. Rittet gjekk føre seg utan uhell.
Det var lettskya vér og omlag 16 grader. Ideelt sykkelvér.
Vinnar i kvinneklassen var Cathrine Alfredsen.
Herreklassen vart vunnen av Lars Granberg

Les meir (05.08.12)

Info til ryttarane om løypa
Les meir (04.08.12)

Startliste pr. 04.08.12.
Det er mogeleg å melda seg på fram til 1/2 time før start.
Det er meldt bra vér, så me reknar med det kjem fleire på rittdagen.
Les meir (04.08.12)

Kart med profil er lagt ut for Skånevikstranda Rundt.
Les meir (14.07.12)

Løypetraséen er lagt om i år. Start er no flytta attende til starten dei første åra rittet vart arrangert. Start er no lagt til Tjelmeland.
Start er lagt til gamle Åkrafjordvegen like nedanfor bensinstasjonen på Tjelmeland ved kryss ned til Kyrping.
Løypa følgjer så E134 ned til Håfoss.
Der tek ein til høgre på Fylkesveg mot Stødle.
Etter å ha sykla ned Stødlebakken, tek ein til høgre mot Skånevik.
Mål er på Hålandsheia omlag 11 km etter Skånevik.
Det er to bakkar opp til mål.
Første bakke er omlag 2,5 km med 7-8 % stiging. Deretter omlag 1 km flatt før siste bakke på 1 km med 8 % stiging.

Det er omlag 1 km motbakke etter start. Deretter utforbakke og flatt ned til Håfoss.
Etter at ein tek av på F-35 er det omlag 1 km stiging.
Etter at ein passerer Stødle krk. er det 1 km bratt utforbakke.
Frå ein tek av på F-34 ved Enge gml. skule (Startområdet på Etne Tempo),
Er det småkuppert til Skånevik og vidare til dei siste bakkane byrjar ved Tungesvik.

2011
Resultat
Innbyding

Skånevikstranda Rundt vart arrangert i fint sykkelvér.
Lettskya vér og 18 grader. Ideelt for sykling. I tillegg var det vindstille i starten og god medvind innover Etnefjorden. Tida i dag var også omlag 14 min betre enn i 2007, sist gong rittet vart arrangert. Arrangementet gjekk utan uhell og alle dei 50 startande kom vel i mål.
Les meir (19.06.11)

2007

15 syklistar trassa veret og stilte i det 21. Skånevikstranda Rundt.
Det var regn og 10°

Vidar Mehl frå Vossevangen CK vann rittet føre 15 år gamle Sondre Asheim frå Stegaberg.

 

IF Klypetussen innbyr til Skånevikstranda Rundt 1. sept.
Innbyding finn du her.



      

2006

Resultat Skånevikstranda Rundt er lagt ut.
Les meir. `(18.06.06)
Start og mål var i år lagt til Skånevik. Ser ut til at det fungerte godt. Veret var ok, overskya og 17 grader. Regnet kom heilt på slutten.
34 deltakarar.

 

Klypetussen innbyr til Skånevikstranda Rundt 18. juni.
Innbyding finn du her.

Rittet går i år 18. juni 2006.
Nytt i år er at start og mål er lagt til Skånevik.







Eldre nyhende finn du i arkiv.

Heimesideansvarleg: Dagfinn Garnes-Johnsen

 
 
 
 
 

Resultat Skv.str. R.

2011   2012

2007   2006   2005

2003   2002   2001

2000   1999   1998

1997   1996   1995

1994   1993   1992

1991   1990   1989

1988   1987   1986