Framsida       Terminlista/Innbydingar     Resultat 

Sykkeltrening
 

Treningstider.

  • Barne- og ungdomstrening
    Tysdagar kl. 18.00 - 19.15
     

  • Tysdagar kl. 19.30
    Intervalltrening i bakke
    Høver for alle. Viktig å finna rett intensitet slik ein greier fullføra alle intervalla
    Frammøte ved Etne Senter
     

  • Torsdagar kl. 19.30
    Intervalltrening på flate
    Høver for alle. Viktig å finna rett intensitet slik ein greier fullføra alle intervalla
    Frammøte ved Etne Senter
     

  • Søndagar
    Kl. 09.00
    Roleg langtur 2-4 timar.

    Deler opp i ulike nivå.
    Frammøte ved Etne senter
     

  • Turar i distriktet

     


Følg med på facebook for å vera oppdatert på treningstider.

Diverse turar i distriktet
Roy Martin Øyjord har laga eit oversyn over fine turar i distriktet med ulik lengd
Les meir (19.05.13)

Vintertrening - spinning
Sykkelgruppa har også i år fått tilbod frå Etne fysioterpi & Trening om å få nytta treningssenteret til spinning.
Me får trena tysdagar og torsdagar frå kl. 20.00. I fjor heldt me på til omlag 21.15.
Perioden me får trena er frå 1. nov - 31. mars. Det kostar kr. 1750,- og må førehandsbetalast før du byrjar treninga.
Du får i tillegg høve til å delta på alle fellestimane treningssenteret har og nytta alle treningsapparata.
 
Dersom du vil vera med, melder du deg inn direkte til treningssenteret før 1. november. Vis til avtale med Klypetussen.
Send også melding til meg om du skal vera med.
(10.10.13)
 

Landevegssykling for born og unge.
Tysdag 9. april startar me opp med landevegstrening for born og unge frå 6. klasse.
Ein kan bruka både terrengsykkel og landevegssykkel.
Alt etter kor mange som møte, vil me dela opp i grupper.
Det vert ulike aktivitetar på sykkel med hovudvekt på teknikk og fart.
Du vil også få hjelp til innstilling av sykkelen.
Bremsene på sykkelen må vera i orden.
Me vil halda til på område med lite trafikk.
Hugs hjelm!
Frammøte kl. 18 på Enge skule.
For spørsmål, ta kontakt med Dagfinn på tlf 90671692
(05.04.13)

 

Fellestrening 22. august
9 stk på trening i dag. Me hadde ein fin tur rundt Sandeid - Blikrabygda. Fekk litt trening i å liggja på rulla mellom Ølen og Sandeid. Ein liten spurt la me også inn. Mange var spreke i bakkane. Me samlast att på toppen. God treningsøkt.
(22.08.10)

Intervalltrening 19.08.10
10 syklistar møtte og hadde ei god økt.
Det var overskya og 18 grader. Ideelt vér.
Fekk litt regn på veg heim att.
Roleg langtur på søndag rundt Sandeid.
(19.08.10)

 

Då er me ferdige med første veka med fellestrening i Etne.
Det har vore godt frammøte.
Kjekt å vera ein gjeng som kan trena i lag.
Me held fram med to treningar pr. veke. Veke 33 vert lik førre veke.
(17.08.10)

Trening veke 32  
Torsdag 12. august - Bakkeintervall i Hårlandsbakken (Litledalen)
Me syklar 4 * 5 min. Trillar ned i pausen.
Viktig at intensiteten ikkje er høgare enn at du greier siste drag like bra som første.
Frammøte ved Etne senter kl. 19.30
 
Søndag 15. august - Roleg langtur rundt Sandeid - Vats - Blikrabygda - Etne omlag 2,5 - 3 timar
Frammøte kl. 9 Ved Etne senter.