Velkomen til IF Klypetussen - sykkel
 
 


Hovudlaget
Styret i sykkelgruppa
Bli medlem
Biletarkiv
Trening

Terminlista
Sykkelritt
   - MCE-tur - Litledalsvatnet Rundt
   - Etne Tempo
  - Etne Syklefestival
   - Skånevikstranda Rundt
   - Trongjo Opp
Innbydingar
Resultat
Arkiv
Råd ved kjøp av sykkel
 
 
 
 
 
 
 

 
Testritt for medlemmer i 2017
Start i Litledalen kl. 19.30

25.04.2017 Hårlandsbakken
02.05.2017 Tempoløypa i Litledalen
11.05.2017 Hårlandsbakken
01.06.2017 Tempoløypa i Litledalen
17.08.2017 Hårlandsbakken
07.09.2017 Tempoløypa i Litledalen

Auastadlia Opp - Proconklatringa 31. august er diverre avlyst grunna få deltakarar.
(28.08.17)

Innbyding til Proconklatringa 31. august er lagt ut
Dette er ei utfordring me håpar mange vil ta. Det er god veg oppover lia og ikkje teknisk vanskeleg, men det er bratt. Snitt på 12%. Parti på 15-20%. Brattast 22%.
Påmelding via EQ-timing innan søndag 27. august kl. 20.00
Lenkje til påmelding turklasse 17 år og eldre.
Lenkje til påmelding aktiv klasse gutar og jenter 15-16 år
Innbyding (Oppdatert 02.08.15)

Litledalsvatnet Rundt 11. juni 2017

Tre spreke jenter stilte opp i Litledalsvatnet Rundt 11. juni.
Det var fint sykkelvér. Synd at ikkje fleire tok turen inn i Litledalen denne dagen. Men Liv, Mari og Signe gjorde ein flott innsats og sykla rundt vatnet alle tre!
Les meir (24.06.17)
Tre spreke jenter stilte opp i Litledalsvatnet Rundt 11. juni.
Det var fint sykkelvér. Synd at ikkje fleire tok turen inn i Litledalen denne dagen. Men Liv, Mari og Signe gjorde ein flott innsats og sykla rundt vatnet alle tre!

Då er det klart for Litledalsvatnet Rundt 11. juni
Sykkelrittet/turen høver for alle. Fint for barnefamiliar. Valfritt om du vil sykla 1, 2 eller 3 rundar. Kvar runde er 7,5 km. Sykkelrittet vert arrangert som trimritt utan tidtaking.
Diplom til alle som fullfører. Medalje til alle under 12 år.
Start frå kraftstasjonen i Litledalen kl. 13. Påmelding 1/2 time før start.
Vel møtt!
Les meir (05.06.17)

Då er det klart for Etne Sparebank Tempo 18. august i Litledalen.
Rittet er for jenter og gutar frå 10 år og opp til veteranar.
Rittet har status som Masters Ranking for klassane M/K 30 pr og eldre.
Løypa går på fylkesvegen i Litledalen. God veg med lite trafikk.
Påmelding innan 16. august kl. 18.
Første start kl. 18.30
Les meir (04.07.16)

MCE-tur Litledalsvatnet Rundt på sykkel søndag 12. juni kl. 1300 - oppdatering
Rittet vert også i år arrangert som trim/familieritt.
Rittet går på fine vegar rundt Litledalsvatnet med liten trafikk.
Vonar mange vil nytta høve til ein fin sykkeltur.
Du vel sjølv om du vil sykla 1, 2 eller 3 rundar rundt vatnet.
Det vert diverre ikkje turklassar og aktive klassar M/K 11-16.
Innbyding (07.06.16)

Giro for medlemspengar 2016 er lagt ut
Kan lastast ned her
(19.05.16)

Minnar om årsmøte torsdag 28. januar kl. 1900 på Stordalen & Sævareid Grendahus
Vanlege årsmøtesaker.
Alle er velkomne.

IF Klypetussen  ynskjer alle medlemmer og samarbeidspartar ei god jul
og eit godt nyttår!
(23.12.15)

Klypetussen kallar inn til årsmøte torsdag 28. januar kl. 1900 på Sævareid skule
Saker må vera styret i hende innan 10. januar.
Vanlege årsmøtesaker.
Alle er velkomne.
(13.12.15)

Deltakarliste frå Langs Åkrafjorden, trim sykkel, er lagt ut.
Trim sykkel (06.09.15)

Resultat frå Proconklatringa - Auastadlia Opp er lagt ut.
11 hardhausar fullførte klatringa opp Auastadlia i dag. Bakken er lang og bratt, men alle fullførte med stil.
Resultatliste (05.09.15)

Innbyding til Proconklatringa er lagt ut
Dette er ei utfordring me håpar mange vil ta. Det er god veg oppover lia og ikkje teknisk vanskeleg, men det er bratt. Snitt på 12%. Parti på 15-20%. Brattast 22%.
Påmelding via EQ-timing innan torsdag 3. sept. kl. 18.00
Lenkje til påmelding turklasse
Lenkje til påmelding aktiv klasse M/K 15-16
Innbyding (Oppdatert 29.08.15)

Medlemsinfo og giro for medlemspengar
Det vert i desse dagar sendt ut medlemsinfo og Giro for medlemspengar 2015.
Dei me kjenner epostadressa til, får det på epost.
For andre vert det lagt i postkassen eller sendt pr post.
Kan også lastast ned her.
Medlemsinfo   Giro medlemspengar 2015 (26.08.15)

Etne Sparebank Tempo - AVLYST!
Det er svært få påmelde til rittet. Me ser oss difor diverre nøydde til å avlysa rittet.
Du er velkomen til på prøva deg på Proconklatringa 5. september.
(19.08.15)

Stord Sykleklubb inviterer til Stord Rundt 16. august.
Les meir (14.08.15)

Då er det klart for Etne Sparebank Tempo 20. august i Litledalen.
Rittet er for jenter og gutar frå 10 år og opp til veteranar.
Rittet har status som Masters Ranking for klassane M/K 30 pr og eldre.
Løypa går på fylkesvegen i Litledalen. God veg med lite trafikk.
Påmelding innan 19. august kl. 18.
Første start kl. 18.30
Les meir (02.08.15)
 

15. august er det klart for Langs Åkrafjorden
Frå Kyrping Kro & Bensin på gamlevegen til Åkrafjordtunet
11 vakre km som du kan gjennomføra på beina eller på sykkelen.
I tillegg er det rulleskirenn t/r Teigland - Rafdal.
Start:
- Tur / sykkel kl. 11.00
- Løp             kl. 13.00
- Rulleski       kl. 12.30
Startpengar:
- Tur        kr. 100,-
- Sykkel   kr. 100,-  I tillegg kjem lisens/forsikring på kr. 50,- frå 13 år. (Diverre feil på plakat)
- Løp        kr. 200,-  I tillegg kjem lisens/forsikring på kr. 30, frå 13 år.
- Familie   kr. 300,-
- Rulleski  kr. 200,-
Påmelding frå kl. 10.30

Info tlf 917 49 164
Premiar:
- Beste kvinne/mann
- Trekking blant alle
- Pengepremiar
- Krus til alle deltakarane
(17.07.15)

18 syklistar deltok i MCE-tur - Litledalsvatnet Rundt i dag.
Véret veksla mellom sol og regnbyger.
Deltakarliste (14.06.15)

Sykkelhelg for jenter og gutar frå 4.-7. klasse 13. og 14. juni.
Laurdag og søndag lagar me til eit opplegg for jenter og gutar 4.-7. klasse.
Laurdag kl. 1600-1730 vert det ulike sykkelaktivitetar på Enge skule og i nærområdet. Aktivitetane høver best for terrengsykkel, men kan også tilpassast racersykkel. Sjå over at gir og bremsar virkar før du kjem.
Hugs hjelm.
Søndag kan du vera med på sykkelritt i Litledalen. Då syklar me rundt Litledalsvatnet. Det kostar ingenting for deltakarane på sykkelhelga å vera med på sykkelrittet. Er du over 12 år, må du betala kr 40 i forsikring for å vera med på sykkelrittet.
Vil du vera med, møter du opp på Enge skule på laurdag kl. 1600.
(11.06.15)

Søndag 14. juni er det klart for MCE-tur - Litledalsvatnet Rundt på sykkel.
Dette er eit trimritt som høver for alle. Særleg fint for barnefamiliar.
Start frå krafstasjonen i Litledalen kl. 13.
Du kan ta det som ein tur der du sjølv bestemmer om du vil sykla 1, 2 eller 3 rundar. Eller kanskje du vil testa deg sjølv og dra på litt?
Les meir (29.05.15)

CKH innbyr til Vats Tempo 14. mai.
Les meir (07.05.15)

Medlemsutsending februar - viktig info om medlemskontingent.
Les meir (24.02.15)

Førebels terminliste for 2015 er lagt ut.
Les meir (24.02.15)

Årsmøtet er utsett til fredag 6. mars kl. 1900 på Sævareid skule
Saker må vera styret i hende innan 28. februar.
(12.02.15)

Klypetussen kallar inn til årsmøte 13. februar kl. 1900 på Sævareid skule
Saker må vera styret i hende innan 6. februar.
Vanlege årsmøtesaker.
Alle er velkomne.
(16.01.15)
 

IF Klypetussen  ynskjer alle medlemmer og samarbeidspartar ei god jul
og eit godt nyttår!
(24.12.14)

 

Resultatliste for Etne Tempo er lagt ut.
Etne Tempo vart arrangert under gode sykkelforhold - 15-16 grader og vindstille.
Resultatliste (18.09.14)

 

Startliste for Etne Tempo er lagt ut.
Møt fram i god tid. Kontroll av syklar mellom kl. 1745-1815.
Viktig å kontrollera kronometertid i god tid før du skal starta.
Startliste (17.09.14)

Etne Tempo - påmelding open til kl. 17.00 onsdag 17. sept.
Men d.å via epost til dagfinn.garnes.johnsen(alfakrøll)gmail.com
Det er førebels 25 påmelde.
(17.09.14)

Etne Tempo - betaling av startpengar.
Du kan enten betala når du hentar startnr. eller betala inn på førehand til
kontornr. 3543.27.19365. Ta i så fall med kvittering.
(16.09.14)

Etne Tempo.
Det er førebels 25 påmelde til rittet. Påmeldingsfristen går ut ved midnatt i dag.
Rittet er ein del av Masters Cup og er nest siste rit i cup'en. Altså framleis råd å skaffa fleire poeng.
Startlista vert lagt ut onsdag kveld.
(16.09.14)

Då er det klart for Etne Tempo 18. september i Litledalen.
Rittet er for gutar og jenter frå 11 år og opp til veteranar.
Løypa går på fylkesvegen i Litledalen. God veg med lite trafikk.
Les meir (10.09.14)

17 spreke syklistar stilte opp i Litledalsvatnet Rundt
Véret var bra då 17 syklistar i alderen 4 til 62 var med i Litledalsvatnet rundt søndag 17. august. Dette er eit ritt som høver for alle og høver godt for barnefamiliar. Diverre kolliderte det med anna familiearrangement denne dagen. Men 17 glade syklistar gjennomførte eit flott ritt.
Deltakarliste   Bilete frå rittet  (21.08.14)

Søndag 17. august er det klart for Litledalsvatnet Rundt på sykkel.
Dette er eit trimritt som høver for alle. Særleg fint for barnefamiliar.
Start frå krafstasjonen i Litledalen kl. 13.
Du kan ta det som ein tur der du sjølv bestemmer om du vil sykla 1, 2 eller 3 rundar. Eller kanskje du vil testa deg sjølv og dra på litt?
Les meir (12.08.14)

Westcon Yards er ny samarbeidspart for sykkelgruppa.
Samarbeidspartane er viktige for sykkelgruppa. Det har vore jamn vekst i medlemstal dei siste åra.
For at sykkelgruppa skal utvikla seg vidare, spelar samarbeidspartane ei viktiv rolle.
(22.07.14)

Følg med på facebook for å vera oppdatert på treningstider.
Oppdatert 11.06.13

Resultat Haugesund-Sauda 24. mai
8 spreke syklistar frå IFK fullførte med flott stil i Hgs.-Sauda i går.
Resultat finn på Turritt.com eller her. Deltakarar frå IFK er utheva.
(25.05.14)

Terminlista er oppdatert med ritt i Hordaland og Rogaland
(17.04.14)

Etne Tempo vert i år arrangert torsdag 18. september
Start og mål er ved kraftstasjonen i Litledalen.
Les meir (13.04.14)

Me har no starta opp att utetreningane.
Første trening var tysdag 25. mars med godt frammøte.
Det vert faste treningar tysdagar og torsdagar kl. 1930 og søndagar kl. 0900.
Følg med på: https://www.facebook.com/groups/Klypetussen/
(26.03.14)

Medlemsutsending februar 2014
Les meir (19.02.2014)

Det vert årsmøte onsdag 5. mars kl. 19.30 på Sævareid skule.
Styre og utval 2013
(16.02.14)

Medlemskontingent 2014
Det er tid for å betala medlemskontingent for 2014.
Du kan få giro frå Dagfinn eller du kan lasta ned frå: http://www.klypetussen.no/Medlem/Medlemskont.%202014.pdf
Hugs kvitteringstrykk.

Bed om at alle medlemmer i sykkelgruppa sender ein epost til dagfinn.garnes.johnsen (alfakrøll) gmail.com der du også skriv mobilnr. ditt, slik at eg får oppdatert medlemslista.
Hugs at medlemsavg. må vera betalt før du kan løysa lisens.
(30.01.14)

Giro for medlemskap 2014 er lagt ut.
Hugs kvitteringstrykk.
Les meir (27.01.14)

IF Klypetussen Sykkel ynskjer alle medlemmer og samarbeidspartar ei god jul
og eit godt nyttår!
(21.12.13)

Vintertrening - spinning
Sykkelgruppa har også i år fått tilbod frå Etne fysioterpi & Trening om å få nytta treningssenteret til spinning.

Me får trena tysdagar og torsdagar frå kl. 20.00. I fjor heldt me på til omlag 21.15.
Perioden me får trena er frå 1. nov - 31. mars. Det kostar kr. 1750,- og må førehandsbetalast før du byrjar treninga.
Du får i tillegg høve til å delta på alle fellestimane treningssenteret har og nytta alle treningsapparata.
 
Dersom du vil vera med, melder du deg inn direkte til treningssenteret før 1. november. Vis til avtale med Klypetussen.
Send også melding til meg om du skal vera med.
(10.10.13)

KJEMPESUKSESS FOR «ALLE 30»!
«Alle 30» er eit samarbeid mellom IF Klypetussen, Skånevik IL, Etne IL og Fjæra og Rullestad IL. Alle laga har kvar sitt individuelle opplegg med bøker rundt om på postar (flest nutar) i Etnefjella. Paul Tungesvik prøvde i 2001 å klara alle laga sine opplegg på éin sesong. Det gjekk nesten.
Så tok han kontakt med Gisle Sellevold om ein ikkje skulle laga eit felles opplegg. Ideen vart sett i system til fyrste sesong med «Alle 30» i 2002.
Les meir (10.10.13)

Nutskjema for alle 30 er lagt ut.
Fjellturar er flott og familievenleg vintertrening for syklistar.
Les meir (30.09.13)

CK Sola innbyr til Fjogstadhusrittet laurdag 12. oktober.
Rittet er eit terrengritt med alle klassar frå 3 år og oppover.
Påmeldingsfrist 5. oktober.
Les meir (30.09.13)

BikeBrothers Tysværrittet vart arrangert 24. august.
Frå Klypetussen deltok Nils Ramsvik og Ove Ivesdal. Flott innsats av begge.
Resultat   Bilete frå rittet 

Bilete av Nils og Ove  (29.08.13)

 

Bilete frå Etne tempo er lagt ut.
Les meir (18.08.13)

Etne Tempo vart i år arrangert som eit treningsritt. Like vel kom det deltakarar frå Bryne, Stavanger og Bergen. Det var 15 deltakarar i flott sykkelvér: overskya, vindstille og 18 grader.
Resultatliste (15.08.13)

Etne Tempo vert arrangert 15. august kl. 18.30
Les meir

Dødsulukke i sykkelrittet Bergen-Voss
Etne og Klypetussen vart ramma av ei tragisk hending i dag då Sigbjørn Rafdal omkom i ei ulukke under sykkelrittet Bergen-Voss. Det vart ei sterk oppleving for sykkelkameratane som sykla i lag med han.
Sigbjørn har vore ein stor ressurs i sykkelgruppa – alltid positiv og ikkje redd for å ta i eit tak. På treningane har han vore ei viktig drivkraft med sitt gode humør og leiarevne. Han vil bli sterkt sakna.
Sigbjørn etterlet seg kone og tre born.
Tankane våre går til dei og den næraste familien.
(01.06.13)

Oppdatert 03.06.13

Trening søndag 25. mai
Éi gruppe syklar rolege rundar rundt omkring i Etne. Første runde omlag ein time. Så kan ein vera med så lenge ein vil. Den andre gruppa roleg langtur på omlag 3 timar.
Frammøte Etne Senter kl 0900
(24.05.13)

18. mai var 3 syklistar frå Klypetussen med i sykkelritt i Vats.
Dei gjorde flott innsats. Unge Steffen Rafdal på 10 år var med i sykkelritt for første gong. Han gjorde ein framifrå innsats. Me håpar dette gav meirsmak.
Resultat Sjå fleire bilete frå rittet (19.05.13)
Klikk på biletet for å sjå det i full storleik

Diverse turar i distriktet
Roy Martin Øyjord har laga eit oversyn over fine turar i distriktet med ulik lengd
Les meir (19.05.13)

Trening måndag 20. mai (2. pinsedag)
Inviterer nye syklistar til å koma på trening.
Me deler oss i to grupper.
Ei gruppe syklar rolege rundar i Etne der ein kan "hoppa av" når ein har fått sykla langt nok.
Gruppe to syklar rundt Vikebygd.
Frammøte ved Etne Senter begge grupper kl. 0900
Gruppe to vil vera i Ølen omlag kl. 0930
(17.05.13)

Giro for medlemskontingent 2013 er lagt ut.
Du kan lasta ned og skriva han ut.
Hugs å få på kvitteringstrykk.
Ved familiemedlemsskap må du skriva opp alle namna på fam.medlemmene.
Last ned (08.04.13)

Landevegssykling for born og unge.
Tysdag 9. april startar me opp med landevegstrening for born og unge frå 6. klasse.
Ein kan bruka både terrengsykkel og landevegssykkel.
Alt etter kor mange som møte, vil me dela opp i grupper.
Det vert ulike aktivitetar på sykkel med hovudvekt på teknikk og fart.
Du vil også få hjelp til innstilling av sykkelen.
Bremsene på sykkelen må vera i orden.
Me vil halda til på område med lite trafikk.
Hugs hjelm!
Frammøte kl. 18 på Enge skule.
For spørsmål, ta kontakt med Dagfinn på tlf 90671692
(05.04.13)

 

Fellestreningane ute startar opp att tysdag 2. april.
Det vert intervalltrening tysdagar og torsdagar kl. 19.30
Langturar av ulik lengd søndagar kl. 09.00
Langturane skal gå føre seg i roleg tempo.
Frammøte alle dagar ved Etne Senter.
Les meir (01.04.13)

Årsmøte 15. mars kl. 19.30 på Sævareid skule.
Vanlege årsmøtesaker og bevertning
Du er velkomen til årsmøte i IF Klypetussen.
(01.03.13)

Medlemsmøte for medlemmer i sykkelgruppa.
Det vert medlemsmøte torsdag 31. januar kl. 19.30
Stad: Enge skule, auditoriet i ungdomsskuebygget.
Påmelding til Dagfinn innan måndag 28. januar.
(25.01.13)

Klypetussen ynskjer alle medlemmer og samarbeidspartnarar ei retteleg god hjul og eit godt nyttår.
Les meir (22.12.12)

Noko for teknikktreninga i vinter?
Obs! les åtvaringa i starten av filmen!
Les meir (22.10.12)

Innetrening på Sævareid skule.
Måndagar kl. 20 er det mogeleg å vera med på innetrening på Sævareid skule.
Les meir. (22.10.12)

Spinning
IF Klypetussen Sykkel har også i år fått tilbod frå Etne Fysioterapi & Trening om å få nytta spinningssalen til trening i vinterhalvåret.
Me får nytta spinningssalen tysdagar og torsdagar frå kl 20.00. Me vil halda på til omlag kl. 21.30. Det vil i hovudsak verta lagt opp til intervalltrening.
I tillegg til spinninga kan du nytta eg av dei andre tilboda senteret har.
Pris for perioden 15. okt. til 31. mars er kr. 1999. Det er fri innmelding. Dette er omlag kr. 100 rimelegare pr. mnd enn standard medlemsskap. Du må betala heile summen ved påmelding før 15. okt.
Meld frå til Dagfinn innan 10. okt. dersom du er interessert.
Deretter melder du deg på til treningssenteret direkte innan 15. oktober.
(27.09.12)

Laurdag 18. augst arrangerte CK Haugaland Tysværrittet.
Frå Klypetussen deltok Angar og Roy Martin.
Dei gjorde ein framifrå innsats.
Resultat (21.08.12)

Resultatliste for Skånevikstranda Rundt er lagt ut.
Rittet vart arrangert i "ny" løype i år. Rittet gjekk føre seg utan uhell.
Det var lettskya vér og omlag 16 grader. Ideelt sykkelvér.
Vinnar i kvinneklassen var Cathrine Alfredsen.
Herreklassen vart vunnen av Lars Granberg

Les meir (05.08.12)

Info til ryttarane om løypa
Les meir (04.08.12)

Startliste pr. 04.08.12.
Det er mogeleg å melda seg på fram til 1/2 time før start.
Det er meldt bra vér, så me reknar med det kjem fleire på rittdagen.
Les meir (04.08.12) Oppdatert kl. 14.

Påmeldingsfrist via Min Idrett (terminlista på www.syling.no)
Er utvida til 2. august.
Påmelding seinare enn dette må gjerast på e-post.
(30.07.12)

Kart med profil er lagt ut for Skånevikstranda Rundt.
Les meir (14.07.12)

Innbyding til Skånevikstranda Rundt 5. august er lagt ut.
Løypetraséen er lagt om i år. Start er no flytta attende til starten dei første åra rittet vart arrangert. Start er no lagt til Tjelmeland.
Les meir (05.07.12)

Bilete frå Litledaslvatnet Rundt og
Etne Tempo er lagt ut.
Les meir (07.06.12)

 

Oppdatert resultatliste for Litledalsvatnet Rundt er lagt ut.
Les meir (21.05.12)

Resultatlister for Litledalsvatnet Rundt og Etne Tempo er lagt ut. (20.05.12)

Oppdaterte startlister for Litledalsvatnet Rundt og Etne Tempo er lagt ut.
Minner om infomøte kl. 09.00 på Enge skule
(19.05.12)

Sykkelritt i Etne 20. mai - ope for gutar og jenter 11-16 år
Me arrangerer tre ritt på søndag. I tillegg til trimrittet, kan gutar og jenter vera med på det aktive rittet: 
Litledalsvatnet Rundt med start kl. 10 - frammøte ved Enge skule kl. 9
Dei kan også vera med på:
Etne Tempo med start kl. 15 - frammøte ved Enge gml skule kl. 14.15.
Fint om ein kan melda seg på med e-post til:
dagfinn.garnes.johnsen(alfakrø
ll)gmail.com innan laurdag 19. mai, men ein kan også melda seg på ved start inntil ein time før start.
(18.05.12)

Det vert infomøte for ryttarane på Enge skule kl. 09.00
Der hentar ein også startnr.
Hugs å visa lisens når du hentar startnr.
Me bed om at startkontingent vert betalt når du hentar startnr.
(16.05.12)

Startliste for Litledalsvatnet Rundt er lagt ut.
Det er tenkt å starta to felt.
Felt 1 vert frå M junior til M 45-49
Felt 2 vert M 50 +
Det er tenkt at M 11-12 og M 13-14 startar i lag med felt 2
Les meir (16.05.12)

Startliste for Etne Tempo er lagt ut.
Det kan verta endring i starttidene då det kan koma nokre lokale rekruttar til.
Les meir (16.05.12)

Startlister for Litledalvatnet Rundt og Etne Tempo
vert lagt ut onsdag 16. mai.
Det vil vera mogeleg for etterpåmelding fram til 16. mai kl. 16.00
(14.05.12)
 

Innbyding til Litledalsvatnet Rundt trimritt er lagt ut
Litledalsvatnet Rundt er fint om oppkøyring til Vårens vakraste 9. juni
Les meir (10.05.12)

Kart over Litledalsvatnet er lagt ut
Les meir (09.05.12)

Innbydingar til:
Litledalsvatnet Rundt og
Etne Tempo er lagt ut.
Merk at Litledalsvatnet Rundt startar kl. 10.00 og
Etne Tempo startar kl. 15.00
(02.05.12)

Sauda Sykkelklubb inviterer til Haugesund - Sauda 28. mai
Les meir (09.05.12)

Klypetussen er 30 år måndag 2. april. 
Det vert feira med Trongjo Opp kl. 19 og med kaffi og vaflar på Sævareid skule etterpå.
Sykkelgruppa vert også med og feirar.
Me møtest ved Etne Senter kl. 18 og syklar samla opp til Lauareidsvingen.
Me tek eit par drag i Trongjo før me syklar ned til Sævareid skule.
Etter litt feiring, syklar me heim att i samla flokk.
Hugs lys på sykkelen.
(30.03.12)

Treng du sykkeldrakt og vest?
Me prøver vestar og tek opp bestilling på bukse, trøye og vest.
Møt fram på Enge skule søndag 4. mars kl. 1930.
Prisar born og unge under 18 år:
Bukse kr. 200
Trøye  kr. 200
Vest   kr. 250
Prisar: vaksne over 18 år:
Bukse kr. 600
Trøye  kr. 600
Vest   kr. 700

Kleda er av god kvalitet.
Buksene er selebukser. Me kan også bestilla damebukser utan selar.
Dei kostar kr. 400,- Men me må tinga minst 10 artiklar av kvar sort.
Buksene er det beste Dagfinn har prøvt nokon gong.
Butikkpris på buksene er omlag kr. 1100,-
Høver ikkje tida, ta kontakt med Dagfinn

Takk til sponsorane våre!
Me er takksame for at sponsorane våre: Etne Sparebank, Bike Brothers, Procon, Sport1 Etne, MCE og SMV er positive til å støtta sykkelsporten i Etne.
Me førebur no ein ny sesong med auka aktivitet både med lokale sykkelritt og at medlemmene deltek i sykkelritt utabygds. Dei flotte draktene våre vil visa godt att i sykkelfelta. I 2011 har me hatt treningar for born og ungdom. Me håpar at endå fleire vil prøva seg med sykling i 2012.
(02.02.12)

Godt nyttår til alle sykkelvener!
Me held frame med fellestreningane tysdagar og søndagar.

Trening tysdag 20.desember
Det vert roleg tur rundt Litledalsvatnet med evt. ei lita ekstrasløyfe for dei som vil det. Me syklar kontrollert i bakkane og roleg på flatane. Høver for både terrengsykkel og landevegssykkel. 
Frammøte kl. 19.30 ved Etne senter. Hugs lys på sykkelen.
(02.01.12)

Vil du bli medlem i Kypetussen?
Melder du deg inn no, får du heile 2012 inkludert i medlemskontingenten som er kr. 100,- for vaksne, kr. 50,- for born og unge (under 19 år) og kr. 200,- for familie.
Giro kan fo få av Olav Samland eller Dagfinn Garnes-Johnsen, eller du kan skriva ut denne. Hugs kvitteringstrykk då me har samarbeidsavtalar.
Les meir (27.11.11)

Samarbeid med Etne Fysio og Trening
Sykkelgruppa i Klypetussen har fått tilbod om å nytta spinningssalen til eigne treningar. Det vil skje på torsdagar kl. 2000 - 2130.
I tillegg kan ein vera med å alle tilbod på senteret inkl. styrke- sal og styrkerom. Me satsar på å halda fram med spinninga ut mars. (Litt avhengig av véret)
For ungdom under 19 år, betaler Klypetussen halve medlemskontingeneten til Etne Fysio. For prisar sjå www.etnefysio.no
Du melder deg på direkte til Etne Fysio og seier du er medlem i Klypetussen.
Les meir. (27.11.11)

Godt nytt år!
I dag er første dagen i sykkelåret 11/12 og det er tid for å starta opp att treninga. Me startar med fellestrening på torsdag 3. november. Det vert roleg tur rundt Litledalsvatnet med evt. ei lita ekstrasløyfe for dei som vil det. Me syklar kontrollert i bakkane og roleg på flatane. Høver for både terrengsykkel og landevegssykkel.
Frammøte kl. 19.30 ved Etne senter. Hugs lys på sykkelen.
(02.11.11)

Tilbod om spinning på treningssenteret
Etne Fysio kjem med tilbod til sykkelgruppa om spinning to dagar i veka. I tillegg kan ein gå på andre timar og nytta treningsapparata.
Les meir (22.09.11)

Langs Åkrafjorden
Langs Åkrafjorden laurdag 13. august.
Turgåing og sykkel (kr 100.-): frå kl 1200
Løp (kr 200): kl 1400.
Familie (u/løp): kr 300.-
Krus til alle fem fyrste åra.
Kr 6000.- sponsa av arrangøren og ETNE SPAREBANK trekkast blant alle.
Løype: Gamlevegen frå Kyrping Kro og Bensin 11 km til Åkrafjordtunet.
(07.08.11)

Nye sykkeldrakter.
Me har fått nye sykkeldrakter.
Me har nokre til overs.
Elles tek me opp ny bestilling når minst 10 melder si interesse.For vaksne over 18 år kostar dei kr. 600 pr. del - til saman kr. 1200.
Denne prisen er inkludert 30 % rabatt.
For ungdom /born under 19 år kostar dei kr. 200 pr del - til saman kr. 400.
Draktene er av svært god kvalitet.
Ta kontakt med Dagfinn om du ynskjer drakt.
(19.07.11)

Klikk på biletet for å sjå i full storleik

Bømlo SK innbyr til Siggjorittet - Ope Sunnhordlandsmeisterskap
Søndag 26. juni.
Les meir (23.06.11)

Les reportasje frå Skånevikstranda Rundt i Kondis
Les meir (21.06.11)

Skånevikstranda Rundt vart arrangert i fint sykkelvér.
Lettskya vér og 18 grader. Ideelt for sykling. I tillegg var det vindstille i starten og god medvind innover Etnefjorden. Tida i dag var også omlag 14 min betre enn i 2007, sist gong rittet vart arrangert. Arrangementet gjekk utan uhell og alle dei 50 startande kom vel i mål.
Les meir (19.06.11)

Attgløymt hjelm
Det er funne ein attgløymt hjelm og briller etter Skånevikstranda Rundt.

Landevegssykling for ungdom
Me startar no opp med landevegssykling for ungdom i ungdomsskulealder.
I første omgang legg me opp til éi fellestrening i veka. Første trening vert torsdag 16. juni kl. 18.30-20.00. Frammøte på Enge skule
Les meir (14.06.11)

Tips ved kjøp av ny landevegssykkel.
Når ein skal kjøpa sykkel til syklistar i alderen opp til 18 år, er det ein del reglar som bestemmer korleis ein sykkel skal vera dersom ein tenkjer å vera med i sykkelritt.
Les meir (10.06.11)

Det vert oppretta aktive klassar i Skånevikstranda Rundt
for M/K 15-16 slik at det no er mogeleg for denne aldersgruppa å delta.
Hugs at ein må ha aktiv lisens. Elles kan ein løysa eingongs ungdomslisens ved start.
(10.06.11)

Innbyding til Skånevikstranda Rundt 19. juni er lagt ut.
Rittet vert arrangert med både trim- og turklasse.
I trimklassen kan ein velja mellom kort løype - Skånevik - Etne 27 km eller lang løype -
Skånevik - Etne - Håland 44 km
Turklassen har ei litt lenger løype på 54 km
Les meir (02.06.11)

CK Haugaland innbyr til lagtempo i Vats 2. pinsedag.
Det er tre ryttarar på kvart lag.
Les meir (07.06.11)

9 spreke syklistar frå Klypetussen sykla Haugesund - Sauda laurdag.
Alle gjorde ein framifrå innsats! Det dårlege véret gjorde rittet endå tøffare. til Bg-Voss er det meldt strålande vér, så det kan bli ein fin tur. Dette var første sykkelritt for fleire av dei. Neste på programmet er Hårfagrerittet 2. juni, Bergen - Voss 4. juni, Skånevikstranda rundt 19. juni og Odda - Bø 2. juli.
(30.05.11)

 

Hårfagrerittet inviterer til Barnas Hårfagreritt.
2. juni kl. 09.30 - 11.30
Les meir (23.05.11)

CK Haugaland inviterer til Steinsfjellet opp 12. mai.
For påmelding klikk her.

Då er me i gang med syklinga for gutar og jenter.
Det var 4 jenter og 5 gutar på første trening. Men det er plass til fleire.
Har du lyst til å vera med, møt fram på Enge skule neste onsdag kl. 18.
(04.05.11)

Sykling for jenter og gutar 4.-7. klasse.
IF Klypetussen startar opp med sykkelaktivitetar/trening for jenter og gutar.
Det vert lagt opp til ulike sykkelaktivitetar som:
- gir og bremseteknikk
- balanseøvingar
- leik på sykkelen
Første dagen vil me sjå over syklane med vekt på bremser og gir.
Treningane vil gå føre seg på område med lite trafikk og i terrenget.
Treningane vil vera onsdagar kl. 18-19 og første trening vert onsdag 4. mai på Enge skule.
Det er viktig at du har hjelm. Det kan også vera lurt å ha med ei drikkeflaske.
Vel møtt til ein kjekk time på sykkelen!
(27.04.11)

CK Haugaland innbyr til sykkelrittet Sør-Karmøy Rundt 6. mai
Påmelding (28.04.11)
 

Nokre bilete frå Etne Tempo er lagt ut.
Les meir (21.04.11)

ASTRIK inviterer til Askøy sykkelfestival 13.-15. mai
Les meir (21.04.11)

Sauda Sykkelklubb inviterer til Haugesund-Sauda 28. mai.
Det er opna for påmelding. Frist for påmelding er 19. mai.
Les meir (17.04.11)

Resultat for Rådalen Rundt er lagt ut.
Les meir (10.04.11)

Etne Tempo vart arrangert i eit krevjande vér med regn og
kraftig vind. ryttarane hadde motvind til vendemål og medvind attende.
Under dei rådnde forholda gjorde alle ein flott innsats. Beste tid totalt hadde Tor Olav Gregersen med 14.07. Ei god under rådande forhold.
All honør til ryttarane som deltok.
Resultatliste. (Korrigert 08.04.11)

 

Startliste for Etne Tempo er lagt ut.
Les meir (05.04.11)

Startliste for Etne Tempo vert lagt ut 5. april om kvelden.

Starten for Etne Tempo er ved Etne Lydstudio (Enge gml. skule)
Når ein kjem aust i frå, tek ein til høgre ved PRIX midt i sentrum. Køyr 1 km bortover flaten forbi Etne kulturhus (no byggjeplass). Det er parkering utanfor Etne Lydstudio.

Påmeldingsfristen til Etne Tempo er utsett til 4. april.

Innbyding til Etne Tempo 7. april er lagt ut.
Les meir (20.03.11)

Årsmøte fredag 28. januar kl. 19.30 på Sævareid skule.
Les meir (26.01.11)

Bli medlem i IF Klypetussen Sykkel.
Du kan gjerne vera medlem i anna idrettslag og samstundes vera medlem i sykkelgruppa i IF Klypetussen. Ved å vera medlem i IFK får du m.a.:
- Treningsfellesskap - For tida har me to fellestreningar i veka.
- Treningsrettleiing - Om du ynskjer det, kan du få rettleiing av trenar utdanna     
  gjennom sykleforbundet.
- Ved å vera medlem i klubb, som er medlem i sykleforbundet, kan du løysa
  heilårslisens. Då er du m.a. forsikra under trening. Du treng heller ikkje løysa
  eingongslisens dersom du ynskjer vera med i sykkelritt.

Medlemskontingeneten er for tida kr. 100,- pr. år. Melder du deg inn no, får du resten av 2010 gratis.
Giro kan du lasta ned frå denne sida, eller be Dagfinn om giro.
Velkomen som medlem i IFK Sykkel
(18.09.10)

Trening veke 48  
Torsdag 2. des. Slik vérmeldinga er pr. i dag, ser det ut til å bli for kaldt til utesykling.
 
Søndag 5. des. Slik vérmeldinga er pr. i dag, ser det ut til å bli for kaldt til utesykling.
 

Medlemsmøte i sykkelgruppa onsdag 17. november kl. 19.30
Det vert møte for alle medlemmer og potensielle medlemmer i Klypetussen Sykkel.
Ting me vil ta opp:
- Litt om treningsprinsipp
- Vedlikehald og innstilling av sykkel
- Treningane framover
- Tankar om sesongen 2011
  Ritt det kan vera aktuelt å vera med på som lag.
  Ritt i Etne og på Haugalandet.
- Avtale med sykkelbutikk
- Sykkeldrakt
- m.m.
(15.11.10)

KM-felles - resultat
Les meir (19.09.10)

KM-tempo - resultat
Les meir (19.09.10)

Øygarden Sykkelfelstival
Reslutatlister er lagt ut.
Les meir (05.09.10)

Fellestrening 29. august
9 stk på trening i dag. Me hadde ein fin tur rundt Sandeid - Blikrabygda. Roleg rulletrening mellom Ølen - Sandeid og mellom Øvre Vats - Frønsdalskrysset med spurt på slutten. God treningsøkt.
(29.08.10)

Fellestrening 22. august
9 stk på trening i dag. Me hadde ein fin tur rundt Sandeid - Blikrabygda. Fekk litt trening i å liggja på rulla mellom Ølen og Sandeid. Ein liten spurt la me også inn. Mange var spreke i bakkane. Me samlast att på toppen. God treningsøkt.
(22.08.10)

Klypetussen Sykkel er på facebook.
Her kan du invitera andre til å bli med på treningsturar utanom dei faste treningane.
Klikk her for å koma på facebook. Likk på Lik dette for å bli medlem.
(20.08.10)

Intervalltrening 19.08.10
10 syklistar møtte og hadde ei god økt.
Det var overskya og 18 grader. Ideelt vér.
Fekk litt regn på veg heim att.
Roleg langtur på søndag rundt Sandeid.
(19.08.10)

 

Då er me ferdige med første veka med fellestrening i Etne.
Det har vore godt frammøte.
Kjekt å vera ein gjeng som kan trena i lag.
Me held fram med to treningar pr. veke. Veke 33 vert lik førre veke.
(17.08.10)

Trening veke 33  
Torsdag 19. august - Bakkeintervall i Hårlandsbakken (Litledalen)
Me syklar 4 * 5 min. Trillar ned i pausen.
Viktig at intensiteten ikkje er høgare enn at du greier siste drag like bra som første.
Frammøte ved Etne senter kl. 19.30
 
Søndag 22. august - Roleg langtur rundt Sandeid - Vats - Blikrabygda - Etne omlag 2,5 - 3 timar
Frammøte kl. 9 Ved Etne senter.

Resultat for Tysværrittet er lagt ut.
Les meir (09.08.10)

Resultatfor Stord Rundt er lagt ut.
Les meir (09.08.10)

Sykkeltrening
Me startar opp med sykkeltrening søndag 8. august kl. 900
Frammøte ved Etne Senter.
Det vert roleg langtur på omlag 2 timar i pratetempo.
Planen er å få til 2 økter pr. veke. Ein roleg tur på søndagar og ei intervallprega økt på torsdagar på halvannan time frå kl. 1930
Treningane vil gå føre seg på landeveg, men ein kan godt bruka terrengsykkel.
Alle som vil vera med, er velkomne.
(03.08.10)

Langs Åkrafjorden 2010
14. august er ket klart for Langs Åkrafjorden.
Du kan velja mellom å gå, springa eller
sykla.
Løypa er 11 km og går i naturskjønne omgjevnader på gamlevegen.
Les meir på Fjordaalliansen (05.08.10)

Askøy Sykkel og Triatlonklubb innbyr til Bergheim Opp 17. august.
Les meir (04.08.10)

Bergen CK innbyr til Bontveit Tempo 24. august
Les meir (04.08.10)

Nymark innbyr til Munkebotn Opp 14. september
Les meir (04.08.10)
 

Litledalsvatnet Rundt - resultat.
Rittet vart arrangert i fint ver med 18 grader.
Alt låg til rette for eit fint arrangement og me håpa på mange deltakarar.
Diverre glimra mange med sitt fråver.
Sju sykistar møtte opp og fekk nokre fine rundar rundt Litledalsvatnet.
Alle gjorde framifrå innsats.
Resultat (06.06.10)

Minner om Litledalsvatnet Rundt laurdag 5. juni kl. 15
Det er ei familievenleg løype som høver for alle aldrar.
Rittet er også fint som oppkøyring til Vårens vakraste rundtur 12. juni.
Påmelding enten ved e-post til dagfinn.garnes.johnsen(alfakrøll)gmail.com eller ved start.
Les meir (24.05.10)

Vindafjord SK innbyr til lagtempo onsdag 26. mai
Les meir (20.05.10)

Sauda SK innbyr til Haugesund - Sauda 29. mai
Les meir (19.05.10)

Bømlo SK.. innbyr til Siggjorittet)
Open Sunnhordlandsmeisterskap 27.06.10
Les meir (19.05.10)

Resultat Steinsfjellet Opp 6. mai
Les meir (08.05.10)

Resultatlister for Sotra Mila og Rådalen Rundt er lagt ut.
Les meir (19.04.10)

Resultatliste for Etne Tempo er lagt ut.
Les meir. (08.04.10)

Etne Tempo startliste.

Det vil vera garderobe på Enge skule etter rittet.
Parkering på plassen framfor gml.skulen ved start.
Der vil det også vera mogeleg å varma opp på rulle.
(07.04.10)

Etne Tempo innbyding/påmelding.

Etne Tempo - Girkontroll
Det vert girkontroll under Etne Tempo for klassane M/K 11-16 og M/K junior.
Dersom du er usikker på utveksling for dei ulike klassane, ta kontakt på førehand.
(28.03.10)

Etne Tempo og Litledalsvatnet er flytta p.g.a kollisjon med andre arrangment.
  • Etne Tempo vert arrangert torsdag 8. april kl. 19.00
  • Litledalsvtneet Rundt vert arrangert laurdag 5. juni kl.  15.00
    (25.03.10)

Hårfagrerittet - nytt sykkelritt på Haugalandet.
17. april vert Hårfagrerittet arrangert. Rittet går frå Kårstø til Haraldshallen i Haugesund, 53 km. Traseen er lettsykla og høver for alle.
Les meir (10.03.10)

Juleavslutning på treninga måndag 21. des.
Graut, gløgg og ljosbilete etter treninga, som byrja kl. 20.
Høve til å dusja.
God jul til alle!
(18.12.09)

Resultat frå Fanahytten Opp
Les meir (26.09.09)

Resultat frå KM tempo og felles
Les meir (20.09.09)

Litledalsvatnet rundt 2009
11 syklistar trassa regnveret og møtte til start i Litledalen. I det starten gjekk, letta veret og det var godt sykkelvér under heile rittet. Det var godt humør blant syklistane og alle gjorde framifrå innsats.
Rittet vart arrangert for første gong i år. Her kan ein sjølv velja farten.Etter at kommunen


Klikk på biletet (Sigbjørn Rafdal var ikkje tilstades på biletet)
 

asfalterte på sørsida av vatnet, har dette vorte ei fin tur- og treningsløype for mange. Då det er lite trafikk, eignar løypa seg godt for barnefamiliar.
Me vonar fleire vil vera med neste år.
Resultat (30.08.09)

 

Oppdatert innbyding til Litledalsvatnet Rundt
Innbyding (22.08.09)

Litledalsvatnet Rundt 30/8 er eit nytt sykkelritt i Etne.
Rittet går i ei lettsykla løype rundt Litledalsvatnet. Ein kan sjølv velja om ein vil sykla 1, 2 eller 3 rundar.
Rittet vert arrangert som trimritt utan tidtaking.
start og innkomst er ved kraftstasjonen i Litledalen.
Les meir i innbydinga (18.08.09)




Eldre nyhende finn du i arkiv.

Heimesideansvarleg: Dagfinn Garnes-Johnsen

 
Samarbeidspartnarar:
Hovudsponsor:

 
 
 
 
 
 

 

 
     Sykkelnyhende:

     Syklingens Verden
     Sykkelekspressen
     Sykkelmagasinet
 
     Hordaland Cyklekrets
     Norges Cykleforbund
     Sykkelklubbar