Årsmelding IF Klypetussen 2018, hovudstyret

I 2018 har det skjedd utruleg mykje.

6 styremøte og handsama 47 saker. 180 medlemmar er veldig bra.
I tillegg fleire telefonmøte mellom medlemmar i styret.

Årsmøtet for 2017 talde me opp minst 92 menneske! 72 av desse var røysteføre. Det var spesielt éi sak som tende medlemmane. Overføra heile fondet til IF Klypetussen på 368.000 til Etne IL som var tenkt til nytt bane dekke på Etne Stadion. Etter massiv motstand, trekte forslag-stillarane forslaget og valte istaden å stille seg bak styret sitt forslag å om å eventuelt vurdere økonomisk støtt på et seinare tids punkt når arbeidet med banen er komme i gong. Fondet er i utgangspunktet sett av til framtidig klubbhus. I tillegg var det ei sak om støtte til vår desidert fremste utøvar – Maryna Novik. Her røysta 71 for å gje støtte, ein røysta mot.

Dugnad:
Magne Berge, Einar Olav Eintveit, Ståle Tungesvik, Nils Rullestad, Halvor Sævareid, Olav Samland, Harald Måge, Ørjan Løhaugen, Thorbjørn Samland, Knut Øvernes, og Gisle Sellevold har drive dugnad med oppussing av møterom i kjellaren på Stordalen og Sævareid grendahus.
Riving av gamalt og til dels rote panel, og fjerning av golvbelegg. Me tenkjer varmekablar i golvet, som er skeivt, og må rettast opp fyrst.

Alt det elektriske skal inn i veggen. Isolasjon, fuktsperre og nytt lyst panel vil gjera dette til eit triveleg møterom og kontor.

Det gamle maling/lakkrommet har stått ubrukt og låst sidan skulen slutta for om lag 20 år sidan. No har me fått låst det opp og byrja å kasta alt søppel som var att der inne. Her vil me kunne få eit lite ekstra, men godt brukande lagerrom.

Leiar i hovudstyret har óg det siste året jobba mykje med å få tilbod på panel, listverk og isolasjon til oppgradering av møterommet på Stordalen og Sævareid grendahus. Det suverent beste tilbodet er frå Obs! Bygg i Haugesund.

«Harry´s rom»
Harry Hustoft var i mange år leiar av hovudstyret i IF Klypetussen. Han gjorde óg dugnad for å få til eit skikkeleg lager-rom. Saman med fleire andre som Ståle Tungesvik, Harald Måge og Olav Samland. Me har fått laga eit skilt til døra inn til dette rommet med namnet «Harry´s rom» for å heidra han. Harry gjekk bort for fleire år sidan i ei tragisk billulukke på Knapphus.

PR: Ingenting gratis
Leiar i hovudstyret har reist rundt i store delar av Sunnhordland og Nord-Rogaland med brosjyrar og plakatar. Tor Arne Sandvik er flink til å laga flott PR-materiell.

Klypetuss-karusellen 2018:
Nye logoar for medaljar til alle under 15 år, og ein logo til plakettar som alle som fullfører minst tre av fire løp. Denne er designa av Sigrid Berit Ljusnes Løvereide.
Bjørkeklubben Over har etablert seg på andre påskedag. I 2018 – etter mykje PR – passerte deltakartalet for fyrste gong 100. I alt var det 203 på Trongjo Opp (53), Bjørkeklubben Over (100) og Trongjo Ned (50). Tek me med Langs Åkrafjorden (145), løp 4 i karusellen, skulle det bli 348 deltakingar.

Samling på Ungdomshuset på Frette, og på Sævareid etter kvart løp, har vore ein stor suksess! Etter «Bjørkeklubben Over» var det «stinn brakke» på ungdomshuset på Frette. Veldig gledeleg var det at Haugesund IL kom inn med mange gode løparar. Vilde Våge Henriksen sette rekord, og som fyrste jente sprang under 4 minutt med 3.59.

Medlemsgiro «på gamlemåten»
Fleire har etterlyst giro i postkassen som var vanleg tidlegare. Dette har me prøvd å imøtekoma. 100 % «vasstett» – at alle som vil har fått, har me vel ikkje klart, men me vil senda giro ut som innstikk i Klypeposten.

Langs Åkrafjorden auka igjen
For andre år på rad auka deltakartalet i Langs Åkrafjorden, men totalt er det langt igjen til dei store åra med godt over 300 deltakarar («normal» rekord 333), og ca 650 då me hadde Kenneth Birkenes-marsjen til inntekt for kreftforsking på Ewings sarkom.

John Karsten Hustveit gjorde som vanleg ein stor innsats som speaker og premieutdelar. Det vart også i 2018 samla inn godt over kr 20000,- i sponsorstøtte.

Begge norgesmeistrane på 10000 m kom!
Pernilla Eugenie Epland, Stord IL kom som fyrste jente under den magiske 40 minuttsgrensa med 1.39.19. Vår eigen Maryna Novik sprang óg eit godt løp på 40….
Okubamichael Fissehatsion, IK Tjalve forbetra rekorden til Laban Siro til 33.19.
Barneløpet samla 19, på lag som i 2017.

Speakerbu har me fått laga av Ølen vidaregåande. Den står kvit og fin inne på Åkrafjordtunet. Buo vart fyrste gong brukt under Langs Åkrafjorden 2018.
Denne kan leigast ut.

Mange aktive løparar
Renata Palamarz, Jacek Armatynski, Magne Berge Tor Arne Sandvik, Sindre og Kristoffer Ekornrud, Nils Saltnes, Harald Måge, Ørjan Løhaugen og Maryna Novik er nokre av våre gode løparar. Ja, me må ikkje gløyma nyinnmelde Bjørn Alexander Hovland som sprang NM halvmaraton for IF Klypetussen. Han sprang under vanskelege tilhøve på 1 time 20 min. Det beste ein mannleg løpar har gjort for IF Klypetussen på lenge, lenge.

I tillegg har me fleire litt aktive som har vore med på å få til to lag i stafetten «Over Fikse» (20 deltakarar) og Holmenkollstafetten (15 deltakarar).
Gledeleg var det også at me hadde heile fem løparar frå Skånevik på Holmenkollstafett-laget.

Nye klubbdrakter…?
Leiar i hovudstyret har teke kontakt med diverse utstyrsleverandørar m.a. Trimtex.

Det er lenge sidan me har kjøpt nye overtrekksdressar, og nye konkurransedrakter, løpe-shorts og singlet. Kan henda det no er trong for å handla inn.
Alle på HK-stafetten bør ha IFK drakter, i alle høve konkurranse- drakt.
Konkurranse-drakta må etter leiar si meining vera fri for reklame. Overtrekksdressen kan eventuelt vera valfritt. Men alle våre sponsorar til no har vore opptekne av at me driv idealistisk.
Me kan få like mykje inn med totalt reklamefrie drakter.
Til dømes med eit nytt målsegl med sponsorar til «Langs Åkrafjorden».

Holmenkollstafetten særs vellukka
Endeleg fekk me lag i Holmenkollstafetten etter mange år i dvale. Me fekk til eit lag i mixklassen, både jenter og gutar på laget. Nokon var spreke, men hadde lite, eller inkje løpetrening. Tida: 1 time 19 minutt 9 sekund.
Alle 15 var samde om at det var ein gild tur.

  1. -12. mai 2019 er det ny mogelegheit.

Hovudstyret har sendt inn datoane for våre arrangement til terminlista for kondis.no.

Fjellturar framleis viktig del av arbeidet
Gunnbjørg Ljusnes har gjort ein formidabel innsats med fjellrelaterte ting. Etne Turlag har teke over «Alle 30» som IF Klypetussen er ein del av. For dei som er interesserte er mberge.com ei flott side å gå inn på.
I tillegg har Vegard Havrevoll laga sin versjon av ein «Alle 30 – side».

Sykkelgruppa er levande
Styret i IF Klypetussen si sykkelgruppe antyda sist vinter at dei ville ligga lågt i terrenget – å ikkje skipa til eigne arrangement. Men me ser stadig vekk at våre syklistar er ute og trenar langs vegane. Leiar i sykkelgruppa, Ansgar Grindheim fullførte Trondheim – Oslo. Det er i seg sjølv er ein kjempeprestasjon!

Klypeposten betre enn nokon gong
Mykje interessant stoff, med flotte fargebilete. Utforminga (lay out) er også blitt kjempefin.
Arbeidet Mona Norheim legg ned med referat og oppsummering frå dei ulike fjelltoppane er av høg verdi. Me trur dette er høgdepunkt for mange av lesarane.

Fellestrening på Sævareid og på Etne stadion
«Seniortrening» starta opp att på Sævareid i november. I oktober starta me løpetrening på Etne stadion. Me er tre, fire som har nytta oss av dette tilbodet
Magne Berge, Harald Måge og Gisle Sellevold har vore grunnstamma i dette.
Etne IL v/ leiar i hovudstyret, Sigve Sørheim, har lete oss få låna fotballgarde-roben. Det takkar me for.

Rekruttering bør vera hovudsatsinga til dei komande styra
Trening for dei yngste er det ingen som har teke på seg. Dette styret har likevel gjort ein del med å ha barneløp i alle fire tilskipingane i Klypetuss-karusellen. Der har me fått ny, fin logo. Alle som har delteke har fått medalje med logoen på. Bronse for eitt løp, sølv for det andre, og gull for det tredje.
Intensjonen var óg friidrettsleir med trening og stemne over to dagar på Frakkagjerd, og barnestemne på Etne stadion sist i august. Desse stemna vart det dessverre ikkje noko av. For 2019 jobbar me med å få til leir under Hardanger Friidrettsfestival i juni.

Barnetrening på Sævareid burde me få til.
Me har óg økonomi til å gje ei lita godtgjering til ein trenar/trenarteam.

Nytt banedekke på Etne stadion?
Gisle Sellevold har over mange år arbeidd ein god del med å få i gang arbeidet med nytt kunststoffdekke på Etne stadion. Slik det er no er det rett å bruka ordet skammeleg.
No er det sett ned ei prosjektgruppe med flinke folk, så kanskje…?

Gisle Sellevold tok kontakt om nytt banedekke med kommunen i 1981 – 37 år sidan. Så har han følgd det opp overfor anleggsutvalet i Hordaland Friidrettskrets gjennom fleire år. Endeleg ser det ut til å løsna. I 2018 var dette anleggsutvalet med leiar Helge Brekke («Knarvikmilas far») i spissen to gonger i Etne.
Fyrste gong synfaring i Skånevik og Etne, andre gong med to møte med Idrettsrådet og kommunen.

Medlemsauke
IFK får støtte etter kor mange medlemmar me har. Dette er ein vesentleg del av innkomne midlar. I 2018 auka medlemstalet frå 135 til 180! Utruleg kjekt!
Det ein må hugsa på, er at ein må ha fødselsår og adresse på alle medlemmane for at dei skal bidra til den støtta me får. Mål for 2019: Over 200?

God økonomi
Jubileumslotteriet kom i mål med kr 29970,-. Dette er den største summen me har fått inn på lotteri/basar. Kanskje ei ny utlodding i 2019?
Leiar har og søkt vår nye straumleverandør BKK om kr 25.000,- til restaurering av møterommet på Sævareid. Frå Norges Idrettsforbund har me fått kr 27.000.

Me har kjøpt inn stakemaskin via facebook frå Haugesund toppidrettsgymnas for kr 2000,-. Vidare har me kjøpt inn to dyre ergometersyklar frå Sportsmaster til ca kr 17500,-. Og redcord slynge samt bøyle til mageøvingar, er andre nye tilbod i treningsromma.

Attendebetaling frå Norges Sykkelforbund.
Me betalte krar 1480,- for dei som hadde med seg sykkel under Langs Åkrafjorden i 2017. Dette meinte leiar i hovudstyret var heilt urimeleg, då syklistane i røynda var turgåarar med sykkel.
Me bad om å få pengane attende. Sykkelforbundet var samde med vår grunn-gjeving, og me fekk alt attende.

Grasrotandelen aukar
Rundt kr 16000,- vil me få inn frå innsatsen til dei 50 som har registrert
IF Klypetussen som sin grasrotmottakar hjå Norsk Tipping. I tillegg har det me får att frå NT, auka frå 5 til 7 %. Betydeleg sum blir det av det.

Men me vil ikkje at ein einaste av oss av den grunn skal bli «spelegalne».

20% på Sport1 i Etne Senter
Me har fått ein avtale med Sport 1 på Etne senter om 20% rabatt på utstyr som er relevant for dei aktivitetane me har. Difor er det ingen grunn til å reisa til byen å handla.

For hovudstyret
Einar Gisle Mûnter Karinthy Sellevold