Godt årsmøte for 2019 i IF Klypetussen
17 positivt innstilte personar møtte på Stordalen og Sævareid grendahus.
Det nye styret:
Elin Udstuen, kasserer
Tor Arne Sandvik, nestleiar + fungerande leiar
Ørjan Løhaugen
Magne Berge, ny
1. vara: Nils Saltnes, ny
2. vara: Oliv Enge
Ingen leiarkandidat.
Olav Svendsen og Gisle Sellevold tok på seg for om mogeleg å finna ein leiar. I mellomtida er nestleiar fungerande leiar. Og det er me trygge på vil funksjonera heilt fint.
«Innsatspokalen», høgste utmerking for IF Klypetussen
MONA NORHEIM og GUNNBJØRG LJUSNES vart begge heidra for sitt lange, flotte arbeid med Klypeposten.
«SMV-pokalen» utmerking for ein som har utmerka seg i ulike øvingar
Denne gjekk sjølvsagt til MARYNA NOVIK.
I 2019 tok ho IF Klypetussen si fyrste sølvmedalje i eit hovud-NM. Ho vart nr 2 i NM på maraton på 2.53.04 i Stavanger maraton, ho var under to minutt bak gullvinnar meritterte Marthe Katrine Myhre.I tillegg har ho sidan 2017 sett klubbrekordar på 800 m, 1500 m, 2000 m, 5000 m, 10000 m og halvmaraton. Halvmaraton på 1.19.08 i 2019.
Innkomne saker
Den einaste saka var styret sitt framlegg om uendra kontingent for 2020.
Kr 100,- for medlemsskap inkl. Klypeposten
Kr 200,- for aktive medlemmar
Kr 300,- i tillegg for 24/7- tilgang til treningsromma på Sævareid. Då får ein kode til ytterdøra og kan trena når ein vil.
Basar til hausten
Det var stemning for ein basar til hausten. Dette vil i så fall det nyvalde styret ta tak i.
Klubbrekordar
No er klubbrekordlista frå 1997 til oppgradering. Me trur dette kan vera eit fint verkemiddel både til rekruttering og auka interesse for dei ulike øvingane.
Avgått leiar Gisle Sellevold