Bruløpet

Tor Arne Sandvik med sterk 3. plass i Bruløpet på Stord!
Tid 39.50 i godt kupert løype.

Då han passerte meg på 6 km var han nr 5, nokså langt bak nr 3 og 4. Så har han altså avslutta knallsterkt i den tunge løypa – og vart nr 3. Grattis, Tor Arne!

Venta og venta på grunn av ras i Bømlafjordtunnelen. Kom 10 minutt før start saman med Jacek Marian Armatynski og Magne Berge.

Jacek Marian sprang halvmaraton. Han og fleirte måtte starta med 10 km-deltakarane p.g.a. den stengde tunnelen. Kom i mål på 2.02.45, berre fire minutt bak persen i den tunge løypa, 6 brupasseringar! Frå Heiane og litt over grensa til Bømlo.

Magne Berge debuterte på offisiell 10 km med 50.14. Gratulerer med fyrste offisielle pers på 10 km! Også han med venting før løpet i/ved Bømlafjordtunnelen.

Sistemann Gisle sleit seg 10 km i veg på 66.06. Var glad på vegne av dei tre andre.

Glitrande arrangørar var Stord IL!