Dei fem store utanfrå

Pernilla Eugenie Epland, Stord IL
Pernilla Eugenie Epland frå Tysnes spring for Stord IL. Ho vart i 2018 noregsmeister på 10000 m, og på ei særs god tid, 34….
Ho debuterte som baneløpar seint godt oppe i 20 åra, faktisk i samløp med vår eigen Maryna Novik på Stord stadion. Maryna vann, men begge kvalifiserte seg til NM. Seinare har begge utvikla seg, men Pernilla mest ei sensasjonell utvikling.
Ho stilte opp i «Langs Åkrafjorden» 2018, vann, og sette ein kjempesterk løyperekord med 39.19.  Ho sette óg rekord på Bergprisen me 11.30


Okubamichael Fissehatsion, IK Tjalve
Han er frå Eritrea, men spring for storklubben IK Tjalve i Oslo. Fissehatsion er i Eritrea om lag som Olsen i Noreg.  Han har rekorden i «Vatnet Rundt», rundt Litledalsvatnet. No kom han også til «Langs Åkrafjorden», og forbetra den lengelevande og knallsterke tida til Laban Siro. Rekorden er no 33.19. På Bergprisen pressa han rekorden ned til 09.55.
Han kunne ha sprunge eit anna løp i Hordaland der han kunne sett løyperekord og fått med seg mange fleire pengar enn i Åkrafjorden, men han valte oss!


Lars Lunde, Stord IL
Har vore god sidan han var smågut. I år har han verkeleg teke steget opp blant dei som er å rekna med. Han var med for tredje gong i «Langs Åkrafjorden», og persa seg kraftig. No har han berre Okubamichael og Laban Siro føre seg på rankinglista. 34.07 var hans beste løp nokonsinne. Og det seier ein god del.


Vilde Våge Henriksen, Haugesund IL
Endå ikkje fylt 20 år, men er alt i noregseliten. Ho kom til «Bjørkeklubben Over» og prøvde seg på den sterke løyperekorden til Miriam Berg Hovda som har stått i veldig mange år. Vilde forbetra rekorden med 9 sekund og vart med det fyrste jente under 4 minutt på dei ca 1260 m. Eit kjempeløp!


Tedros Haile, Haugesund IL
Også ein god løpar frå Haugesund IL, opphaveleg frå Etiopia/Eritrea?
Tedros har hatt ei flott vidare utvikling i sesongen, etter at han vann «Bjørkeklubben Over». Ikkje heilt på nivå med Johannes Alne sin lengelevande løyperekord på 3.28, men han ville koma att neste år…?


Og alle desse fem flotte utøvarane har vore med å skapa entusiasme i IF Klypetussen, – i tillegg til våre eigne – og me ynskjer dei lukke til vidare – og hjarteleg velkomne att!