Farande fant 2022: Hestaskardnuten, 1092 moh.

Det er Hestaskardnuten (1092 moh) som er Farande Fant 2023 for IF Klypetussen. Nuten ligger på høgre side (vestsida) når ein går igjennom Fagerskard på T-merka sti frå Markhus til Sandvass. På austsida av Fagerskard ligger Møssegronuten, også eit flott turmål.

Turen til Hestaskardnuten er drøyt 6 km å gå ein veg frå Markus, så då blir det ca. 12km tur/retur. 😊

Start frå parkeringsplassen på Øvre Markhus, avkøyrsla til denne er å finne etter 2,8 km om du køyrer gamlevegen austover frå Teigland eller etter 450m om du køyrer gamlevegen vestover frå avkøyrsla i austenden av Markhustunnelen. Ta opp grusvegen som går langs elva, etter ca. 1 km. er det tilrettelagt ein stor parkeringsplass på venstre side.

Foto: Magne Berge

Frå parkeringsplassen går det T-merka sti, først ca 350 på grusveg før fjellstien tar over. Følg den T-merka stien opp til Fagerskard, høgaste punkte på ruta før det bikkar ned mot Sandvass. Ta ned til hyttene i Fagerskard og gå opp til toppen frå sørsida av nuten.

Hestaskardnuten er veldig fin å gå som en overnattingstur til Sandvass. Følg beskrivelsen over, men når ein kjem i Fagerskard er det å lempe av seg sekken og ta Hestaskardnuten som ein avstikkar opp og ned sama ruta. Vel nede på T-stien igjen er det å plukke opp att sekken og fortsetta dei siste 2-3 km. ned til Sandvasshytta.

Foto: Magne Berge