Hardanger Friidrettsfestival i Strandebarm

Me var fire frå IF Klypetussen på Hardanger Friidrettsfestival i Strandebarm i dag:

  • For ei flott bygd!
  • For ein flott stadion!
  • For nokre flotte arrangørarar!!

Og for nokre supre klubbvener:

  • Jacek Marian Armatynski debuterte på bane med 3000 m på 13.48 i klasse 40-44.
  • Harald Måge i klasse 60 – 64 heldt nesten fylgje, og klarte flotte 13.58.

Men mest imponert er leiaren i IFK over at dei ikkje er redde for å bli nestsist/sist, i lag med toppløparar i sin beste alder.

Neste år stiller me endå fleire klypetussar, slik at me får eit eige veteranfelt saman med dei andre veteranane i det store feltet.

Og nok eit kjempeløp av Maryna Novik med 4.40.61 i klasse 35 – 39 år på 1500 m.

Pernille Eugenie Epland får Stord IL storma fram og forbetra sin eigen banerekord frå 4.33 til 4.29.

Endå yngre Kristine Lande Dommersnes frå Haugesund IL gjekk ut i eit forrykande tempo og leia lenge.

Eit kjempetalent!

Strandebarm IL
Strandebarm IL