Ingunn med Team Rynkeby GM Haugaland til Paris 2019

Klypetussen medlem Ingunn Frette forbereder seg nå for å være med Team Rynkeby fra Haugalandet til Paris sommeren 2019. Team Rynkeby er eit veldedighetssykkellag som hvert år sykler til Paris for å samle inn penger til barn med alvorlige sykdomer. Her kjem ein kort presentasjon av Ingunn Frette og litt innformasjon om Team Rynkeby. 

Link til My Collection (Ingunn si innsamlingsside til Team Rynkeby/ Barnekreftforeningen): Innsamlingsside, Team Rynkeby / Barnekreftforreningen

Link til Facebook sida til Ingunn hvor ho legger ut nyhende: https://www.facebook.com/groups/482801282247054/

Presentasjon av Ingunn:

Hei.                                                                                       4.mai 2019

Eg heiter Ingunn Frette og kjem frå Etne i Sunnhordland. Eg er 55 år, gift, og me har 4 flotte ungar (to gutar og to jenter). Tre av dei 4 er vaksne, og yngstejenta er 16 og går første år på vidaregåande skule. I tillegg har me eit fosterbarn på snart 11 år. Me er besteforeldre til ei skjønn jente på to og eit halvt år, og ei lita ei på eit halvt år.

 
Me har drive gard med melkeproduksjon i lag i 30 år, no er det son nr. to som har overtatt. Eg arbeider deltid med rekneskap på Tveit Rekneskap sin avdeling i Etne, og stortrivest med det.

Eg har mange interesser, men ikkje tid til å prioritera alt. I løpet av hausten og vinteren har eg sunge i eit prosjektkor, eg dansar seniordans og er med som speidarleiar.

Eg er ein glad mosjonist, og har alltid likt friluftsliv. Det er veldig kjekt å gå på ski og skøyter om vinteren, eg likar å padla, spesielt kajakk, og fjellturar er noko av det kjekkaste eg veit. Etter 25 år utan sykling, blei eg inspirert av eine søster mi til å trena og bli med på Nordsjørittet i 2012. Etter det, har eg gjenoppdaga gleden med sykling Sommaren 2017 fekk eg anledning til å sykla Norge på Langs, frå Nordkapp til Lindesnes, i lag med to andre, kjekke bestemødre. Det var ei fantastisk oppleving.

For eit par-tre år sidan blei eg oppmerksom på Team Rynkeby gjennom ei venninne. Då Haugaland fekk eige lag no i haust, tenkte eg at dette var min sjanse. Først og fremst tenkte eg at det ville vera ein flott motivasjon til å trena og halda seg i form. Det var med skrekkblanda fryd eg mottok beskjeden om at eg fekk lov til å bli med. Dette er ein unik mulighet til å få gjera noko godt for andre, i lag med andre, samtidig som me gjer noko godt for oss sjølve. Og det følest veldig bra!

Team Rynkeby arbeider for å samla inn penger til Barnekreftforeningen; gjennom å søka om støtte frå lag og organisasjonar, gjennom km-sponsing eller enkeltbidrag til kvar og ein av oss, og også gjennom å delta på ulike dugnader, vera løypevakter eller å selja diverse effektar til støtte for saka.

Me trenar for å bli i form til å sykla frå Oslo til Paris. 28.juni reiser me til Oslo og startar å sykla der. Turen går vidare til København, deretter til Paris i løpet av første veka i juli. Ankomst Paris blir laurdag 6.juli.

Eg håpar at me skal klara å samla inn masse penger til Barnekreftforeningen, og at me får ein fin tur til Paris. Me er gulkledde og syklar på gule syklar. Heia oss.