Keidalsvatnet, ca 900 moh.

Årets «Farande Fant» for indre del av kommunen er ved Keidalsvatnet, ca 900 moh. Dette er ein fin tur å gå både sommar og vinter, og om vinteren er det ca halvvegs til Svartenut, ein flott skitur som eg har anbefalt tidlegare.

Ein startar frå Bergstø og går grusvegen opp Bergstødalen. Eit stykke oppi dalen deler vegen seg, og du tek den som går til høgre. Når du kjem opp på kanten der du ser bort til stølshytta, går du over bekken til venstre og følger tydeleg sti vidare innover heilt til du nærmar deg Bergstøvatnet.

Når du kjem til ei bru, går du over elva og på venstre side av ein haug som er mellom deg og vatnet. Etter ei stund kjem du til ein bekk som kjem ned frå venstre, og du går opp denne dalen, kan gå på begge sider av bekken. Midt oppi bakkane går bekken opp til høgre, men du forlet bekken og held fram i same retning som før, og når du kjem opp på kanten, ser du Keidalsvatnet.

Kassen er plassert litt bort til høgre, litt ovanfor vatnet.
Har du lyst til å gå ned til Rullestad, går du bortover på venstre sida av vatnet, kryssar bekken mellom vatna og går på høgre sida av det andre vatnet. Når du kjem til utfallsosen, kan du gå ned på begge sider, kanskje finast på høgre sida i starten, men frå Botnane må du gå på venstre sida av elva. Stien er ikkje lenger tydeleg, så det kan vera krevjande å ta seg fram, men etter kvart vil du komma ned til Gamlaselsbrua.

Turen frå Bergstø til Keidalsvatnet vil ta 2-3 timar.

Nils Rullestad

Foto: Nils Rullestad