Rett frå NM gull til nye løyperekordar i Langs Åkrafjorden
Både Okubamichael Fissehatsion og Pernilla Epland som begge vann 10 000 m i NM i Byrkjelo for ei veke sidan sprang seg inn til nye løyperekordar i det 11 km lange løpet langs vakre Åkrafjorden.
Okubamichael starta styggfort, og løypas høgaste punkt (3 km) passerte han på 9.55 min. Dette var ny passeringsrekord på toppen, og han var 23 sek føre Laban Siro sitt rekordløp frå 2011. Innover mot mål krympa forspranget, men han klarte å henta seg inn mot slutten, og klarte ny løyperekord med 16 sek. 33,19 min.
Pernilla Epland gjorde eit jamt godt løp, og leda med litt over eit minutt på toppen. Derfra og nedover til Rafdal og inn til mål tok Pernilla 22 nye sek på den gamle rekordhaldaren, Maryna Novik. I mål skilte det 1 min 30 sek.
Det var meldt litt regn under løpet, men dette kom når turgåarane starta litt tidlegare på dagen. Slik at under løpet var det bortimot perfekte løpsforhold. Det viste igjen på resultatlista, svært mange fekk nye personlege rekordar, og gleda seg over den flotte dagen.
Det var ei fin auke av trimmarar som gjekk eller sykla dei 11 km innover til Teigland. Både med og utan barnevogner. I tillegg var det 19 som sprang barneløp inne i målområdet. Totalt var det 145 som deltok på løpet, og kanskje den lykkelegaste var John Børge Garvik som vann trekkjepremien på kr 6000,-. Han har gjennomført alle dei tidlegare 15 løpa langs Åkrafjorden, og må seiast å vera fullt fortjent.