Nordfjellet – Flåtevatn -Heimre Sauanuten

Fjellgruppa

Sauanuten og Nordfjellet inngår i «Alle 30» – eit samarbeid mellom fire idrettslag i Etne. Skjema for «Alle 30» finn du m.a. på www.klypetussen.no .

Frå Grønstad skule over den gamle steinbrua over Lurasund, 7.5 vakre km til Håheim. (Obs! bompengar kr 45).
Ovom dei 3 gardane ca 500 m er det rikeleg med parkering.

Håheimsstøl av det vakraste me har i Etne

Gå ned rett sør frå nuten, då vil du koma rett på løypa til Haugesund Turistforening, som går til Løkjelsvatn (som du ser i vest) og til Storavassbu mot aust. Håheimsstølen er som ein romantisk levning, både plassering og byggeskikk, frå forne tider. Her er flott å ta matpause. Du har no gått i ca 2 timar. Så følgjer du HT sine merke til Flåtevatn.

artikklen fortsetter etter bilde……………

Vidt utsyn frå Etne fjella
Frå midtre Etne Fjell

Flåtevatn via Storavass til Heimre Sauanuten

Fjellgruppa

Frå Flåtevatn følgjer du HT-merkinga til Storavassbu, der du kan overnatta. Du har no gått i 5 – 6 timar inkludert rimelege pausar. Frå Storavassbu kan du følgja HT-merking til Feto og ta vegen mot Blomstølen. Før Ingebørvatna kan du følgja gulmerking til Heimre Sauanuten (1176 m.o.h.) høgste nuten i «Alle 30» – opplegget. Herfrå følgjer du gulmerking ned til Ingebørvatna og du har ca 2 timar vidare til Blomstølen på HT-merka sti, eller 2 -3 t ned til Øyno.

Skyss?

Treng du skyss attende til Håheim, kan du ringa Gisle Sellevold på 486 02 195. Har me mogelegheit, skal me hjelpa deg. GOD TUR!

Treng du PDF fil for utskrift, klikk her.