Grasrotandelen

Grasrotandelen – kva er det?
Dette er eit middel statseigde NORSK TIPPING brukar for å støtta lag og ideelle organisasjonar med midlar. Ein prosentsats av det som ein tippar for går til det laget du vel å registrera deg for.

Hvor mykje av det ein tippar for tillfaller Grasrotmotakaren?
Lenge har dette vore 5 % av det du tippar for. I 2018 vart satsen heva til 7 %.

Betalar/spelar eg for meir då?
Nei, men det vert registrert kva du spelar for, og kven du har registrert at desse 7% skal gå til.
Registrerer du deg for t.d. IF Klypetussen, så betalar Norsk Tipping IFK tilbake 7% av det du spelar for.

Kven registrerte IF Klypetussen som Grasrotmotakar?
Olav Samland i 2009, det fyrste året dette tiltaket vart sett i verk.

Blir det noko pengar av desse 5% (no 7%)?
Vel, frå 2009 til midt i november 2018 er det kome inn kr 168.530,-!

Kor mange har registrert seg for IF Klypetussen?
1/1–2018 var det 48 personar, pr 14. november 2018 er me komne opp i 50!

For nokre år sidan var me oppe i 60. Så no når me restaurerer møterommet nede, og skal fornya treningsutstyret, ville det vera ekstra fint om fleire registrerte seg. Midlane får alle noverande og nye medlemmar nyta godt av.

Korleis registrerer du deg?
Du går til t.d. Kyrping Kro og Bensin, eller Åkrafjordtunet og har med deg tippekortet ditt. Du seier at eg vil registrera tippekortet mitt for IF Klypetussen.
Det tek 2-3 minutt.
Organisasjonsnummer finn dei der, men det er: 984.388.357

Veit leiinga i IF Klypetussen kven som registrerer seg for IFK? Nei.

Støtt IF Klypetussen med Grasrotandelene, klikk her for å gå til Norsk tipping si nettside og gi din støtte.